Dominik Siegel, Tyskland, og Jose Garcia, Spania, har bygd fem flottegapahukar ved friluftsgrua til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Desse skal nyttast til undervisning, møte og overnatting.

- Herprofilerer nasjonalparksenteret leiarseminar på ein ny måte. Plenummed plass til 50 er i den store i lavvoen og gruppemøte med plasstil seks i kvar av dei fem gapahukane. For overnatting er det plasstil tre i kvar gapahuk, seier Anne Kjos Wenjum- Armas, leiar ved senteret.

Gapahukbyggjarane Jose Garciaog Dominik Siegel har brukt siste vekene til å byggje opp dei fem gapahukane. Garcia fullførte siste året av bachelorstudiet i naturgeografi vedHøgskulen i Sogndal i vår og gjekk deretter inn i engasjement vedNasjonalparksenteret i Stryn. Her har han drive naturinformasjon ogarbeidd med gamle friluftstradisjonar. Siegel har studert skjøtsel i verneområde i Tyskland.

Wenjum- Armas kan også opplyse at GAPAHUK-klubben i Oppstryn er under stifting, og dei planlegg møte i gapahukane i samband medfriluftsaktivitetar annankvar veke.