I dag går massemønstringa Birkebeinerrittet av stabelen. Terrengsykkelløpet som går frå Rena til Lillehammer samlar over 20.000 deltakarar.

Mellom desse stilte også skiskyttarlandslaget på startstreken, samt eks- landslagsløpar Lars Berger. Og det var Berger som skulle vise seg best på sykkelsetet. På den sterke tida 2.49.31, var han nesten 8 minutt føre Tarjei Bø i det 92 kilometer lange rittet. Trøsta får vere at stryningen slo mellom anna erkerivalen i skisporet, Emil Hegle Svendsen, med 1.23 minutt.

Tida til Bø vart 2.57.19 og heldt til 5. plass i klassen M25-29.