Rigmor Sunde og mannen Birger opplevde noko ganske utanom det vanlege før helga. Det heile utspann seg i huset dei eig i Stryn sentrum, mellom Wallhall og Telegrafen (gamle Triangelen kafe).

- Torsdagskvelden var eg ned i vaskekjellaren, og på veg opp att høyrde eg eit sabla leven frå eitt av romma. Men det var seint og eg var åleine i huset, og turde rett og slett ikkje sjekke det ut. Så gløymde eg i grunnen det heile til neste dag. Då høyrde eg same levenet, fortel Rigmor Sunde.

Polstra arbeidshanskar

Denne gongen gjekk ho inn for å sjå, og då oppdaga ho ein fugl som hadde kila seg fast mellom vindauget og ein stor lysestake.

- Den baska noko voldsomt, fortel ho.

Mannen Birger kom no til unnsetjing. Dei såg etter kvart at det måtte vere ein haukevariant som hadde funne vegen inn i kjellaren - truleg ein hønsehauk. Birger utstyrte seg i nokre polstra arbeidshanskar, tok tak i fuglen og frakta den ut i vedskjulet kor han hadde eit bur ståande.

Spurvejakt

- Inne i kjellaren hadde hauken ein liten spurv i klørne, og denne fekk han med seg inn i buret. Dagen etter var det berre fjøra som låg att, fortel Rigmor.

Dei trur hauken har jakta småfuglar og på den måten hamna i vaskekjellaren.

- Vi likar å mate småfuglane, så her er alltid mange av dei. Og kjellardøra står ofte open. Han har truleg jaga ein inn der, seier Rigmor.

Søndag var det tid å sleppe hauken fri. Men den reiste ikkje med ein gong.

- Først fauk den inn att i vedskjulet, før den deretter tok retning mot bordet der vi brukar mate småfuglane, og så stupte den inn i rhododendroen og fekk med seg ein ny spurv og forsvann, fortel Birger.

- Det er greitt med spennande fugleliv i skogen, men ikkje akkurat å få dei i hus, seier Rigmor.