Den andre utgåva av Folven sykkelfestival i Stryn vart ein storsuksess for deltakarar og arrangør, fortel Tommy Aslaksen hos arrangøren.

- Med strålande sol i tre dagar,tørre stiar og varme kveldar blei berre smila breiare og breiarefor dei 30 deltakarane, rapporterer Aslaksen.

- Konseptet er å samle sti- ogutfor- sykkelentusiastar på Folven camping, der ein bur påstorehyttene saman med vener og ukjente. Alle måltida er felles påhovudhuset og ein vel turar etter erfaring og interesse, forklarar han.

Dunjakkedisco

- Påkveldane hadde vi afterbike og grill, sykkelkonkurransar, dagens video ogbilde, og dunjakkedisco til ut på natt for dei mest uthaldande.

Han fortel at turane gjekk til Erdalsbreen, Himalayastien fraSkjeringsdalen, Segestad i Hjelledalen og to turar til Grytaved Stryn sentrum. I år prøvde dei også ut noko nytt på festivalen.

- Nytt av året var "bil-shutling" opp, og sykling ned.Der fekk dei turar fra Bøasetra, Tonningsetra og Vinsrygg. Dette ernoko vi ønskjer å gjere meir av på fleire stader til neste år, avsluttar Aslaksen.

Foto: Stefan Johnsson