Alfred Bjørlo (V) har gjort det klart at han stiller til attval som ordførar i Eid. Også kolllega Sven Flo (H) i Stryn ønskjer å halde fram etter fire år i ordførarstolen.

Honndalsordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) sit framleis i tenkjeboksen. Det same gjer Morten Hagen (H) i Vågsøy, medan Anders Ryssdal (Gloppen) og Ottar Nygård (Selje) takkar for seg hausten 2015.