Administrasjonen og helsepolitikarane i Stryn er ikkje nøgd med drifta av Nordfjord legevakt. Det går konkret på vikarbruk og dårleg kvalitet. Noko som er avdekka gjennom mediaoppslag, der det m.a. kom fram at ein utanlandsk lege var rusa på jobb.

- Nordfjord legevakt har ikkje fått til rullering av fastlegar, men i staden brukt veldig mange vikarar. Det gjev for dårleg kvalitet. Vikarar som grunnlag, er ikkje haldbart. Grunnstammen for Nordfjord legevakt må vere fastlegar. For å få det til, må vi redusere deira vaktbelasting på kvardagar etter klokka 16, hevda helse- og sosialsjef Berit Wetlesen. Som i orientering til sektorutvalet i Stryn gjorde det klart at det blir fremja eiga sak til møtet i oktober.

Utvalsleiar Per Kjøllesdal delte helse- og sosialsjefen si oppfatning.

- Kvaliteten på Nordfjord legevakt er særs viktig, slo Kjøllesdal fast.