Fylkeskommunen foreslår å kutte ordninga med toppidrettssatsing i vidaregåande opplæring. Dermed kan det spissa tilbodet om skiskyting forsvinne frå Stryn vidaregåande skule.

Fylkesdirektøren tilrår hovudutval for opplæring å ikkje vidareføre «Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar» etter 2016-2017. Forslaget inneber at det ikkje blir tatt inn elevar til vg1 i skuleåret 2015- 2016.

Bakgrunnen er dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen, og med å kutte tilbodet kan fylket spare 750.000 kroner per skuleår.

Resultatet for evalueringa viser nemleg at ordninga har fungert i samsvar med målsetjingane. Søknadstala har stort sett vore gode, og det er lagt fram dokumentasjon på gode idrettsprestasjonar, heiter det i tilrådinga frå fylkesdirektøren, som likevel vender tommelen ned for vidareføring.

Saka om toppidrettssatsing skal opp i hovudutval for opplæring tysdag.

Sluttføring av Rv. 60 Olden-Innvik med løyvingar til Ugla- Skarstein skal behandlast i hovudutval for samferdsle same dag.