Når Europeisk marked kjem til Strynemessa for første gong, byr dei på alt frå franske bakervarer til spansk skinke.

Publikum kan sikre seg godbitar frå blant anna Frankrike, Hellas, Italia, Spania, og England når marknaden inntek messa 3.-5. oktober for første gong.

– Dette blir bra, her blir det til saman 100 meter med matboder, fortel messegeneral Jørn Sønsterudbråten.Franskmannen Olivier Simonin som står bak konseptet der eit titals torghandlarar frå store deler av Europa turnerer England og Norge året gjennom. Han starta opp for tolv år sidan.

- Eg byrja som pølseselgar, men hadde ønske om å utvikle eit eige matmarkedselskap. Men eg ville få til noko originalt som inkluderte dei europeiske landa. Og i dag organiserer eg matmarked med spesialitetar frå ikring tjue ulike europeiske land, fortel Simonin. Han ramsar opp ei rekkje eksempel på kva folk kan vente seg: Franske, italienske og hollandske ostar, spanske og italienske skinker, gresk oliven, britiske kjeks og sveitsiske karamelliserte produkt. I tillegg til matvarene kan ein finne smykke, trearbeid og tekstilar frå ulike land. Simonin har reist rundt med konseptet i Norge sidan 2008, men aldri besøkt dette området før.