Stryn Sommarski har sett seg nøydde å melde oppbod. Krav på til saman 4 millionar stod ubetalte.

- Det var ikkje lenger så mange alternativ. Banken har sagt opp sitt engasjement, seier styreleiar Ola Flo. Han seier situasjonen var umuleg når korkje banken eller aksjonærane lenger var villege til å putte inn pengar.

- Vi har forsøkt redde merkevara Stryn sommarskisenter. Det var årsaka til at vi heldt ope i sommar trass lite snø. Dette har vore ein dugnad der alle aksjonærane har vore klare over risikoen, men nok er nok, seier Flo. Han meiner den dårlege sommaren gjorde at aksjonærane miste trua.

- Det er mange som har lagt ned tusenvis av gratis timar i dette, meg inkludert, og det er ikkje kjekt å putte inn pengar heile tida, seier han. Men samstundes meiner Flo det skal vere muleg å få økonomi ved senteret.

- Ved normale vinternedbørsmengder skal det gå. Av ubetalte krav er omlag 2,7 av dei vel 4 millionane til bank eller ikkje- aksjonærar i selskapet. Desse pengane trur ikkje Flo nødvendigvis er tapte.

- Det er bra med verdiar i selskapet med heisen, trakkemaskin og andre eigedelar, seier han.

Idar Aaboen inngjekk før sesongen ei intensjonsavtale om kjøp av sommarskisenteret til kr 500.000. No trur Flo at med endra situasjon kan senteret få ein endå rimlegare prislapp.

- No går banken ut på den opne marknaden, så det blir spennande å sjå om der finst fleire som vil drive. Men sjølv håpar eg på at Aaboen kjem til å vere den som driv neste år, avsluttar Flo.