Medlemmane i Stryn Ping Pong Club (SPPC) går i spissen for at musikkgruppa Merkesteinane skal få støtte til å halde fram.

Tor Heine er medlem i SPPC og er medlem i Merkesteinane. Han har lenge ønskt at bandet kunne spele under Oktoberfesten, og i år fekk dei det til med konsert laurdag.

Då den siste strofa tona ut, viste det seg at det var Punktum Finale. Eventyret som starta i 1992, var slutt. Alle syntes det var vemodig å spele den aller siste låta.

SPPC vart straks einige om å «gjere noko» for å skaffe støtte til Merkesteinane, og no er aksjonen i gong.  I eit presseskriv ønskjer klubben å synleggjere at eit positivt prosjekt for svake i samfunnet ikkje får pengestøtta dei treng.

– Vi i SPPC vart straks samde om å gje gruppa 10.000 kroner utover honoraret, og no ventar vi at mange kastar seg på med sitt bidrag, seier Kim Rune Flo i SPPC.

- Vi vil oppfordre lag, organisasjonar, bedrifter og det offentlege til å vere med på ein dugnad slik at eldsjelene kan halde fram med Merkesteinane. Dermed kan dei også i framtida ha glede av musikk og gle oss andre, meiner Flo og peikar på at 500.000 kroner ikkje er allverda til sum når mange går saman. Då vil gruppa ha økonomi til kjøp av instrument, noter, reiseutgifter og andre utlegg som kjem til.

Den siste låta frå Tor Heine og Merkesteinane i konserten som skulle vere Punktum Finale var rørande for publikm. Foto: Anne-Mari Aalberg