I statsbudsjettet løyvde regjeringa til saman 160 millionar kroner til Post- og Teletilsynet for tildeling til kommunar med dårleg breibanddekning. Pengane vart løyvd til å bygge breiband der kommersiell utbygging ikkje er lønsamt. No er det bestemt at av dei 160 millionane får Sogn og Fjordane nærare 40 millionar kroner, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider.

To lokale utbyggingsprosjekt

Lokalt er det to strekningar som skal byggjast ut. Riise- Mindresunde, og Lødøen- Gausemel til Møre grense. Totalt vil 130 nye husstandar få tilgang til breiband i Hornindal, medan talet er 108 for utbygginga i Stryn.

Seks kriterium

Fylkeskommunen søkte på vegne av 23 kommunar. Søknadane er vurdert ut frå seks kriterium. Område som manglar eit grunnleggjande breibandstilbod har størst vekt, medan kriterium som kostnadseffektiv utbygging, lokal medfinansiering, berekraftig drift og betydinga av samfunnsmessige faktorar, òg spelar inn.

Kva enkeltprosjekt det er søkt om, er lokale prioriteringar gjort i den einskilde kommunen.

Hovudtyngda av utbygginga vil bli gjort i 2015 etter at offentlege anbod og innkjøp er gjennomført og kontraktar er tildelt, skriv Fylkeskommunen på sine nettsider.