Førre helg deltok Miriam Flo frå Stryn på leiarkurs for ungdom i Trondheim i regi avNorges idrettsforbund. Som deltakar på kurset fekk ho mellom anna lære omUngdoms-OL på Lillehammer som finn stad vinteren 2016.

- Saman med annan idrettsungdom fraheile landet er vi blitt valt ut til å vere mellom dei førstefrivillige fram mot leikane i 2016, fortel Flo, som tykte det var mykje lærdom å ta med seg tilbake til sitt arbeid i UngSir (ungdommens idrettsråd).

- Det var ei veldig lærerik helg. Eg har sett at det er ein del tingå ta tak i. Eg gledar meg til å få bruke det eg har lært dennehelga for at idretten i Stryn skal bli enda betre, seier ho.

- Det er viktig å inkludere ungdom til å taansvar for idrett og frivillig arbeid, samtundes som det i seg sjølver viktig å vere fysisk aktiv, seier Flo, som også gledar seg til vere del av ungdoms- OL.

- Eg gledar meg til å vere med på eit så stortarrangement, seier den engasjerte strynejenta.