Ved årsskifte etablerer måløyverksemda Gangsø Eftf. AS Fagmøbler i Stryn. Då dei tidlegare i haust søkte etter butikksjef og personale, var responsen overveldande.

- Vi fekk inn over 100 søkjarar på dei tre stillingane, fortel dagleg leiar i selskapet, Per Gunnar Frantzen. Han har aldri før opplevd ein slik respons når dei har søkt etter folk.

- Det seier kanskje litt om typen jobb, og at det er behov for arbeidsplassar her. Det er jo eit luksusproblem for oss, og eg føler at vi har fått velge og vrake, seier Frantzen. Han opplyser at alle stillingane no er bemanna.