Gjensidige forsikring går i desse dagar ut og ber bilførarar om å ta det ekstra forsiktig langs vegane dei neste månadane.

- På landsbasis går talet på kollisjonar med vilt markant opp ioktober, samtundes som jaktsesongen har starta, seierinformasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Mørkare kveldar, snøfall og sesongtrekk frå sommar- tilvinterbeite er mellom faktorane som forklarar kvifor det erspesielt mange viltpåkjørslar om hausten og vinteren.

Statistikk for dei siste 10 åra viser at i Stryn har det vore meldt inn totalt 131 viltpåkøyrslar i denne perioden, medan i Hornindal er talet 16. Ser ein på heile fylket har det vore innmeldt 2.043 påkøyrslar, som samla representerer utbetalingar på 45 millionar kroner frå forsikringsselskapa.