Den årlege og populære Julelutt- konserten vart utseld berre få dagar etter at programmet vart presentert. Men alt håp er visst nok ikkje ute om du ønskjer deg til Sogndal for å høyre mange av fylket sine fremste artistar.

-Vi ønskjer jo sjølvsagt at alle som har lyst å få med seg dennekonserten får høve. Difor gjer vi alt for å frigjere så mangebillettar som mogleg, seier Kristin Ylvisåker ved Sogndal Kulturhus. Ei mindre scene skal gjere plass til fleire benkerader.

Konserten samlar artistar frå så og seie heile fylket, og frå dei fleste sjangrar. Frå vårt område er det honndalsjenta Unni Løvlid som er representert.