Den 15 år gamle handballspelaren Ingrid Guddal er teken ut til regional landslagssamling i Haukelandshallen i Bergen. Det er Region Vest som står for samlinga, og totalt 25 jenter i alderen 15 og 16 år er tekne ut. Guddal er einaste spelar frå Sogn og Fjordane som deltek.

- På samlinga er der trenarar frå "høgste hald" ihandball-Norge, dei leitar etter talent for dei aldersbestemtelandslaga. Gjer Ingrid det bra på samlinga blir ho teken ut til fleire samlingar. På våren brukar det å vere Norgesmesterskap forregionslandslaga, opplyser Eli Kroken i Stryn handball.

Samlinga finn stad torsdag 16. oktober, og jentene skal gjennom to treningsøkter i tillegg til teori. Også trenarane frå klubbane som er representert er invitert til samlinga.