Laurdag spelar Stryn sitt herrelag sin siste heimekamp for sesongen. Ein kamp om viktige poeng for å halde på andreplassen. Også til denne kampen har styret i Stryn Fotball kome opp med kreative idear for å lage ekstra stemning på stadion.

- Ja, vi har tenkt å kåre triksekongen og triksedronninga i kommunen, eit slags kommunalt meisterskap, seier dagleg leiar, John Os. Dei inviterer no alle opp til 16 år til å delta, og lovar utmerking og heider og ære til den guten og jenta som klarar å halde ballen lengst i lufta - utan hendene, vel og merke. Konkurransen finn stad i pausen i oppgjeret mellom Stryn og Årdal.