Endre Lødemel var mellom eit hundretals bøsseberarar som gjekk sine tildelte roder i Hornindal og Stryn.

- Folk er flinke til å støtte TV-aksjonen, seier Endre Lødemel som allereie i 16-tida kunne levere inn pengane til Arild Lødøen i Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Hornindal.  Også Lene Kobberstad som like etter var ferdig med sin runde, kunne fortelje om stor gjevarglede.

Kor mykje som vert samla inn i Hornindal, blir først kjent seinare i kveld.

- Eg reknar med at oppteljinga startar i 17.30-tida, fortel Arild Lødøen.

Då Fjordingen var på døra til Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Stryn litt før klokka 17, var det ikkje folk i lokalet. Men også der blir det full aktivitet utover kvelden.