Dei 100 bøsseberarane som dekka heile Stryn kommune, fekk inn 267.239 kroner til TV-aksjonen. I tillegg kjem innsamla midlar frå skular, bedrifter og 16.000 kroner for bildet som Magne V. Kristiansen gav til Kirkens Nødhjelp sin aksjon "Vann forandrer alt".

- Stryn kom opp i  52,33 kroner per innbyggjar. Det er eg godt fornøgd med, seier aksjonsleiar Kolbjørn Roset til Fjordingen.

Gloppen fekk eit resultat på 69,04 kroner per innbyggjar, Eid 59,56 og Hornindal 55,42 kroner.