Vegar Sårheim frå Breim er valt ut som Sogn og Fjordane sin kandidat til Frivilligprisen 2014.

– Sårheim er ein kar med stort og breitt engasjement for idrettslaget og for bygda si. Han har kompetanse og innsikt på mange område, og har mange gonger sett eit profesjonelt preg på arrangementa til Breimsbygda idrettslag, skriv fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad i grunngjevinga. Ho nemner òg hans engasjement innan volleyball, der han har vore ei drivkraft både innan anlegg og det sportslege, som eit godt argument for nominasjonen.

Erikstad skryt vidare av breimningen si dugnadsånd.

– Han var ei av eldsjelene bak kunstgrasbana på Reed, idrettslaget si satsing på spinning, sykkelgruppa, og det nye treningssenteret Breimsbygda studio 1-2-3. Han er med som frivillig på både store og små arrangement, som speaker på fotballkamp, han har ei sentral rolle på Breimstafetten og Norsk Countrytreff, og var ein pådrivar i dugnadsarbeidet med bygging av gapahuken til Eggenipa 4H ved Bergheimsvatnet sist sommar. Han har òg gått inn i arbeidet å få hjula til å gå rundt på Breimsbygda skisenter i ein elles snølaus vinter, skriv Erikstad.

Frivillighet Norge (ei samanslutning av frivillige organisasjonar i Noreg) deler kvart år ut Frivilligprisen i samarbeid med TV2. Forslag på kandidatar vert sendt til Frivillighet Norge, som sorterer dei nominerte på fylke og sender kandidatane til fylkeskommunen som så prioriterer ein kandidat til den nasjonale prisen. Grunngjevinga er no sendt inn til den nasjonale juryen. Dei vil då plukke ut fem semifinalistar som vil bli presenterte på TV2 God Morgon Norge i løpet av november. Sjåarane får stemt fram tre finalistar før den nasjonale juryen plukkar ut vinnaren frå desse tre.