I dag skulle styret i Helse Førde diskutere eventuell omlegging av ambulansetilbodet i fylket. Mellom anna står stasjonen i Selje i fare for å bli lagt ned. Saka har vakt sterke reaksjonar frå ulike hald, og fleire ordførarar har reagert på at saka ikkje har vore ute til høyring.

I ettermiddag melder NRK Sogn og Fjordane på sine nettsider at styret no har valt å ta vekk den omstridde saka frå saklista.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier til NRK Sogn og Fjordane at saka i dag skulle handle om målbilde for ambulansetenesta, men at den blei oppfatta som ei sak som handlar om kvar ambulansestasjonane skal vere.

– Det er uheldig med tanke på at vi ønskjer opne og gode prosessar med kommunane. Dei skal bli høyrde før vi gjer konkrete endringar knytt til tenester i nærområdet deira, seier Bolstad til NRK.