Det er tida for prisutdelingar, og mellom dei som ønskjer å heidre innsats i lokalsamfunnet er også Norges Vel. Dei søkjer kandidatar til organisasjonen sin gründerpris.

- Gründerar byggjer Norge gjennom verdiskaping og nye arbeidsplassar,denne innsatsen vil vi heidre med Norges Vels Gründerpris, seier administrerande direktør, Øyvind Ørbeck Sørheim, i DetKongelige Selskap for Norges Vel.

Prisen er einsølvmedalje, og vert tildelt personar som har gjort ein innsats i lokalsamfunn, organisasjon eller bedrift, i tråd med Norges Vel sinvisjon om livskraftige lokalsamfunn, heiter det i pressemeldinga frå organisasjonen.