Gamle Strynefjellsvegen og dei 17 andre nasjonale turistvegane har fått ny heimeside. I følgje pressemeldinga frå Statens Vegvesen skal denne vere enkel og effektiv for turistar som vil planlegge sine turar, samt media og reiselivsnæringa som ønskjer informasjon og foto frå attraksjonane.

Dei 18 turistvegstrekningane er lista opp mot Googlemaps og viser oversiktleg korleis strekningane ligg i forhold til kvarandre. Den besøkjande kan gå rett inn i kartet og opne ein eller fleire turistvegar og planlegge si rundreise.

Tidlegare har omlag 200.000 besøkt heimesida per år, men håpet er at den nye sida skal lokke endå fleire brukarar til seg. Sida er i tillegg til norsk, også på engelsk og tysk, og den er tilpassa mobil og nettbrett.