Det vart ikkje kaffikos på Go'beten onsdag. Trass i at Vikanenesten vart lagt under vatn tysdag stod kafeen utan kaffivatn.

- Finstikkje vassdråpen i heile bygda, smilte karane som måtte utveksledagens nyhende i kroken ved inngangen. Og nyhende var det nok av.Øydelagde vegar og flaum over bøane. Ein humorist hadde hengt oppbilde av Sydnesflata som låg under vatn. Tittelen var klar. Det varbyggeklare tomtar.

Det var likevel ikkje mangelen på kaffivatn somvar verst. Hilde Fellesfjøs, sjukeheimen og skulen fekk hjelp avtankbilar frå Hornindal og Stryn, og barnehageborna var sende tilUtvik.

Bøndene måtte klare seg sjølve. Det var sjølvsagt verst fordei som hadde dyr i fjøsen, og for dei som må ha hjelp frå andre. Det som skulle drikkast måtte kokast, ogslik det ser ut akkurat no vil dette vere situasjonen minst eittdøgn framover.

Foto: Inge Fænn