I morgon er det Halloween, og mange born vil trakke i gatene og langs vegane på jakt etter godteri. Men mest truleg er det dårleg med refleksar på dei utkledde.

- I mørke kostymer og utan refleks er det nesten umuleg for einbilist å få auge på borna, sjølv med gatebelysning, seier Arne Voll,informasjonssjef i Gjensidige.

Voll opplyser vidare at risikoen for påkøyrsel i mørkrevert redusert med heile 85 prosent ved bruk av refleks.

- Sjølv om barnetser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet. Kle ungane med reflekseller sy inn refleksar i kostymane. Med litt kreativitet kan detbli kule effektar som gjer det moro for borna å bruke refleks, seierVoll. Han oppfordrar difor alle som får Halloween-gjester pådøra til å ta ansvar for at borna syns i trafikken.

- Mange harrefleksar liggande i skuffer og skap til inga nytte. Har du ein tilovers, gi den saman med godteriet og sørg for at borna trygt kanha det moro på halloween, sier Voll.