I eit brev til foreldre ved Hornindal skule slår rektor Gro Mikalsen Hundeide kraftig ned på bruk av e- sigarettar, etter at dette er oppdaga brukt av elevar ved skulen.

E- sigarett er elektronisk sigarett, og inneheld ein utskiftbar behaldar med væske.Nokre av væskene som blir brukt inneheld nikotin, andre ikkje.I tillegg inneheld væska ein del andre stoff, der dei vanlegaste stoffaer propylenglykol og glyserol, samt ulike smaksstoff.

- Dersom væskainneheld nikotin vil ein få nikotin inn i blodomløpet på same måtesom ved vanleg røyk. I målingar av enkelte e-væsker er det funnestoff som er klassifisert som kreftframkallande, skriv mellom anna Mikalsen Hundeide i brevet til foreldra.

Ho fortel vidare i brevet at nokre elevar også har selt slikesigarettar til kvarandre.

- Skulen har nulltoleranse når det gjeldbruk av rusmiddel, tobakk eller snus, dette gjeld ogsåe-sigarettar. Dette er nedfelt i ordensreglementet, understrekar rektoren og oppmodar foreldra om å prate med ungane sine om røyking av e- sigarett.