Oldaren Asgeir Flåten gjekk heilt til topps i yrkessjåførfaget under yrkes- NM i Trondheim.

- Heilt fantastisk! seier vinnaren sjølv. Han konkurrerte mot 17 andre deltakarar i øvingar som økonomikøyring, presisjonskøyring, førstehjelp, lastsikring og teori. I tillegg til medalje vanka også 3.000 kroner.

Klar vinnar

Rune Apneseth frå Opplæringskontoret i fylket, i transport og logistikk, var òg med til Trondheim. Han kan fortelje om ein klar vinnar.

- Det var poenggiving, og Asgeir vann nok på at han scora jamt høgt over heile linja, seier Apneseth.

Takkar onkelen

Lærlingen frå Olden meiner han har gått ein god skule hos onkelen Ragnvald Flåten.

- Ja, det har mykje å bety at eg har fått vere med han opp i gjennom, seier den ferske norgesmeisteren.

- Og dette har veldig mykje å bety på ein CV. Berre å ha delteke blir vektlagt hos arbeidsgivarar, skyt Apneseth inn.