Loen sine smågutar, 13 og 14 år, spela torsdag den første av to finalekampar mot Syril om KM- tittelen. I ein tett og jamn kamp i Leikanger vann til slutt Loen 1-0. Målet kom på straffespark 10 minutt ut i andre omgang. Det var Marius Rauset som vart felt, og han sette sjølv straffa.

- Eg er godt nøgd med det defensive spelet vårt, og keeper Christian Strand stod fantastisk og stoppa dei få sjansane Syril fekk. Det var den kollektive innsatsen som sikra sigeren, seier trenar Geir Inge Rake.

Loen har med dette laga seg eit godt utgangspunkt før returoppgjeret på heimebane komande søndag.