Delar av vegskuldra langs fv 60 Olden- Innvik, like aust forVangbergselva, rasa ut i fjorden onsdag. Autovernet heng i lauselufta.

Ketil Hansen, som bur på Vangberg og som deltok iaksjonsgruppa som heldt innlegg for Fylkestinget nyleg, meiner underlaget for det som er attunder vegen langt frå tilfredsstiller dagens krav til ein tungttrafikkert veg.

- Dette viser det vi har sagt lenge: Denne vegener oppbrukt og toler ikkje meir. Planene for trygg veg ligg klare,og det vil vere meiningslaust å bruke mykje pengar år for årframover på å reparere på noko som er så dårleg, seier Hansen.