Dei flaumramma områda påVestlandet får meir regn til helga, men ikkje dei same mengdene somtidlegare denne veka.

Vakthavande meteorolog,Elbjørg Moxnes, ved Meteorologisk institutt har både gode og dårlegenyheiter til dei flaumramma innbyggjarane på Vestlandet dennehelga. Den dårlege nyheita er at det kjem meir nedbør. Den godenyheita er at det ikkje kjem like mykje som tidlegare denne veka.

- Det vil kunne kome opp mot 40 millimeter både laurdag og søndag,seier Moxnes til NTB. Dette er langt mindre enn tidlegare den sisteveka då det kom over 100 millimeter i døgnet fleire dagar på rad.Også måndag er det venta nedbør, men då i endå mindre mengder.(©NPK)