Det var bedrifta Intempo frå Sandane som stakk av med prisen Årets gründer. Dette vart klart i ettermiddag då prisen vart delt ut under Temposeminaret i Florø. Bak firmaet står Heidi Aabrekk.

- Det betyr veldig mykje for meg å bli Årets Gründer. Vihar jobba lenge for å gjere Bravoleiken kjend, og å få ei slikmerksemd, gjer det mykje enklare, seier Aabrekk. I tillegg til merksemda får bedrifta 100.000 kroner.

Intempo har utvikla ein pedagogisk innovasjon for born ialdersgruppa 0-3 år. Ved å kombinere nyare hjerneforsking medtradisjonell pedagogikk, har Aabrekk utvikla Bravoleiken, somgjennom sanseopplevingar, bokstavar, ord og aktivitetar stimulererspråk og motorikk hos born.

Dei to strynebedriftene Back 2 Start og Vendanor var mellom dei fem nominerte. Førstnemnde reiste ikkje tomhende heim. Back 2 Start fekk tredjeplassen i kåringa, og med den følgde 40.000 kroner.

Utdelinga, Årets gründer, er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge,  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket.