Fjerdedivisjonslaget Stryn 2 møtte fredag kveld Bjørn til heimekamp. Gjestane frå Sogn fekk eit tøft møte med fotrappe strynedamer, og bortsett frå 2-2 heilt i starten av kampen var det i stor grad einvegskøyring.

Resultatet vart til slutt 40- 14, og til og med målvakt Ingvild Fure kom på scoringslista etter mål frå straffemerket.