Vatnet er for lengst tilbake i springane til Innvik vassverk sine abonnentar, men ein tur til laboratoriet i Måløy for vassprøveanalyse fortel at vatnet framleis må kokast. Dette fortel formann for vassverket, Terje Solvang.

- Eg var til Måløy i går med vatn frå fire prøvepunkt, og resultatet tilseier framleis koking.

Han opplyser vidare at måndag vil det bli full utspyling av hovudlinjenettet, og nye prøvar vil bli tekne eit par dagar etter dette. Solvang oppmodar også abonnentane om å reinske opp heime hos seg sjølve etter denne utspylinga.

- Tysdag kan det vere lurt å tappe ut tilstrekkeleg vatn for å få rusk ut av systemet. Reingjer alle silar i springane, oppvaskmaskina og andre stader, seier han, og legg til.

- Nokre kan kanskje også oppleve nedsett trykk, eller miste vatnet heilt for ein kortare periode, når utspylinga blir gjennomført.

Når ny prøve er analysert vil det gå ut melding til alle abonnentar, avsluttar Solvang.