Jon Teigen som er eigar av eit småbruk som ligg inn til Storelva i Innvik, har i brev til Stryn kommune uttrykt sterk bekymring for Storelva og kva som kan skje dersom ein ny flaum etter mykje nedbør melder seg. Også driftsoperatøren i Innvik vassverk, Anders Dragesæt var bekymra då Fjordingen snakka med han etter flaumen.

-  Brukseigaren fekk under flaumen mykje av kjellaren sin fylt av vatn. Også gjødselkjellaren var fylt til randen.  Bekymringa for Storelva går på at elvebotnen etter dei store nedbørsmengdene vart mykje høgare enn før på grunn av store mengder stein og grus som vart transportert nedover.

Det vert også uttrykt sterk bekymring for om elveforbygginga frå -60-talet er god nok etter at vatn har trengt gjennom denne.

- Vil det neste gong trenge seg meir vatn gjennom vollen slik at denne vil bryte saman? spør Teigen i brev til Stryn kommune og sluttar på denne måten: "Vi meiner elveløpet bør senkast ved å ta bort stein og grusmasser i elvebotnen, og plastring må vurderast".