Arbeidet med rassikring av fv 60 mellom Hellesylt og Stranda er inne i tredje og siste etappe. Ikkje berre vert den mest rasutsette strekninga ved Ljøen rassikra, men også området ved Røyr, øvst i Strandadalen. På snørike vintrar har det her gått ras over fv 60 og nær inntil gardsbruket på Røyr.

Tunnelmasse frå det siste tunnelprosjektet vert brukt til rassikring i dette området. Og ein viktig sideeffekt av rassikringa er at delar av vegen vert lagt i betongtunnel og dekt med tunnelmasse og matjord. Dette arbeidet er no kome så langt at om lag 70 meter av den 440 meter lange tunnelen er støypt.

- Neste rassesong skal tunnelen vere klar til bruk, og to ras vert dermed eliminerte, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Oddbjørn Pladsen.

Han synst det er ein ålreit sideeffekt av rassikringsprosjektet at det også gir meir dyrkamark til gardbrukaren på Røyr.

- Bonden som driv med geit får 40 dekar ekstra dyrkamark når tunnelen er overdekt og prosjektet ferdig. Det er å slå to fluger i ein smekk. På vinteren kan det no gå ras over vegen utan fare for trafikken som er lagt i tunnel. Og på sommaren får gardbrukaren større areal, seier Pladsen.