Stryn Næringssamskipnad får 275.000 kroner frå Utdanningsdirektoratet. Midlane skal gå til aktivitetar som skal styrke samarbeidet mellom videregående skule og lokalt arbeidsliv. Målet er å skape fleire læreplassar og ei fagopplæring som oppfyller kompetansebehovet.

Prosjektmidlane skal skape varige samarbeidsarenaer mellom skule og bedrift.

-  Skular og bedrifter må samarbeide tett slik at vi skapar fleire læreplassar. Bedriftene er den viktigaste læringsarenaen for ungdom på veg ut i yrkeslivet. Ungdommen får viktig praksis, og bedriftene får ein god måte å sikre rekruttering og dekke framtidige kompetansebehov, seier Erik Bolstad Pettersen, divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet, i ei pressemelding.

Det var nesten 100 søknader, og 33 prosjekt i heile landet får til saman 15 millionar kroner.