Stryn kommunestyre reduserte talet på valkrinsar frå 13 til 7. Vedtaket som vart  fatta med 15 mot 10 røyster, betyr at vi frå neste haust får fylgjande valkrinsar/vallokale: Stryn/Stryn kulturhus, Oppstryn/Oppstryn skule og barnehage, Loen/Loen skule og barnehage, Olden/Olden skule, Vikane/Vikane skule og barnehage, Nordsida/Nordsida skule og barnehage og Rand/Rand skule og barnehage.