87 prosent av alle vaksne seier at dei brukar refleks. Det stemmerikkje. Ei landsomfattande teljing av 17.197 vaksne fotgjengarar,utført av Trygg Trafikk og Sparebank1 Forsikring, viser at kun 32 prosent faktisk gjer det. Her er detregistrert gåande både i bygater og langs landevegar i mørkre.

Men samstundes med dette svarar altså 56 prosent at dei ofte nyttar refleks. 31 prosentseier dei brukar refleks av og til.

- Folk trur tydeligvis at dei brukar refleks langt oftareenn tilfellet er. Kanskje har dei ein hengande på haustjakka, men så er det vinterjakka dei tek på seg når dei går ut. Det er fort gjort å gløymerefleksen, og konsekvensene kan bli store dersom bilistane ikkje serdeg, advarar Carina Henske i Trygg Trafikk. I same undersøking svarar 71 prosent at deihar opplevd å nesten køyre på fotgjengarar i mørkre.

Undersøkinga viser også at nokre grupper av dei vaksne er flinkare enn andre. På landevegengjer 36 prosent seg synlege, medan i bygatene gjeld dette for kun 29prosent. Refleks blir brukt av fleire kvinner (35 prosent) enn menn(28 prosent). Det er også nokre klare geografiske skilnader irefleksbruk. Nordlendingene er klart best, medan folk som bur i deisørlegste fylka er dårlegast.