Biblioteka i Nordfjord har inngått ein avtale om samarbeid omutvalde drifts- og utviklingsoppgåver. Samarbeidet gjeld mellombiblioteka i kommunane Stryn, Gloppen, Hornindal, Bremanger,Vågsøy, Selje og Eid.

Målet med samarbeidet er å bidra til å fornyeog utvikle bibliotektenestene i dei sju kommunane.Avtalen er utforma med tanke på krava i revidert biblioteklov om atfolkebiblioteka skal vere aktive formidlarar, og uavhengige arenaerfor offentleg samtale og debatt.

- Dette vil styrke oss alle saman,og opnar for nye mulegheiter, seier leiar for kulturavdelinga, MyrtelThomassen. Samarbeid om prosjektsøknader til midlar ligg først iløypa. Ein håpar mellom anna å få til fleire forfattarturnear i Nordfjord.