Ein mann i 20-åra som er heimehøyrande i Stryn kommune må sone 21 dagar i fengsel etter å ha sparka ein politibetjent i leggen i samband med pågriping.

Mannen hadde oppsøkt ein utandørs russefest i Eid, og var godt berusa då ordensvakter kontakta politiet for å få mannen vekk. Mannen var i følgje domen frå Fjordane tingrett aggressiv og sparka politibetjenten i leggen i tillegg til å setje fram verbale trugsmål. Sjølv om sparket ikkje førte til noko merke eller skade, er retten klar på at denne type oppførsel skal resultere i straff.

Mannen vart også dømd for å ha kjøpt fem gram hasj for ein kompis. Av dette skal han ha fått eitt gram sjølv som han delte med ein annan person. Mannen har beklaga oppførselen sin overfor politibetjenten, og sa i retten at han angra.

Påstanden frå aktor var 36 dagar, men retten meinte 21 dagar fengsel er passande straff. Mannen er tidlegare dømd for tilsvarande forhold.