Dagen før kvalifiseringa til den andre verdscuprunden, er Anders Fannemel på plass i Finland -men utan hopputstyr.

- Eg har fått ein av to bagar eg sende med flyet, men manglar bagen med hopputstyr- altså sko, hjelm, hoppundertøy og diverse anna, fortel Fannemel.

I tillegg til han sjølv er Tom Hilde og Anders Jacobsen like loppa for utstyr framfor det viktige rennet. Å låne utstyr freistar lite.

-Det er ikkje akkurat optimalt, sidan eg har brukt mange år på å tilpasse utstyret, spesiellt hoppskoa er veldig vanskeleg å erstatte.

Men Fannemel let seg ikkje stresse, ikkje endå i alle fall. Sidan han er førehandskvalifisert, må han strengt tatt ikkje ha utstyret før rennet laurdag.

- Eg håpar det kanskje kom med flyet som landa i Rovaniemi no i nitida, men har ikkje fått noko endå...