Fjordingen melde tidlegare i dag at honndølen og elitehopparen Anders Fannemel var på plass i Finland til helgas verdscuprenn, men at alt utstyr hadde forsvunne på flyturen frå Norge. No har derimot ting ordna seg.

-Utstyret er på plass no, melder Fannemel frå Ruka, like ved Kuusamo. Han er elles nøktern optimist når det kjem til sjølve renna. Bakken i Finland har han aldri fått heilt taket på.

- Eg syns Kuusamo er ein litt vrien bakke, men føle eg er ein del meir førebudd på kva som møter meg i år. Heldigvis er det ikkje meldt like mykje vind som dei andre gongane eg har vore her, seier Fannemel, og legg til:

- Også funka hoppinga ganske bra for tida.