Handelsorganisasjonen Virke anslår at nordmenn kjem til å handle varer for 3,8 mrd. kroner på nett i desember, som er ein auke på 15 prosent frå i fjor.

- Vi ser ein betydeleg vekst i julehandelen på nett i år. Fleire og fleire føretrekk å ta julegåvekjøpa frå sofaen heime, seier Johanne Kjuus, leiar for Analyse og bransjeutvikling i Virke, i ei pressemelding.

Så mange som 6 av 10 seier at dei kjøper alle eller nokre julegåver på nett. I tredje kvartal i fjor handla nordmenn for 3,3 milliardar kroner. Virke forventar ein auke på 15 prosent frå i fjor, i tråd med auken i netthandel gjennom året.

I følgje Virke sitt ehandelsbarometer er elektronikk og klede, sko, accessories dei to største varegruppene på nett. Visst ein ser vekk frå bilkjøp, vel å merke. Men kategorien hus, heim og hage er stadig aukande. Vi kjøper særlig meir møblar på nett.