I brev til Stryn kommune, som innspel til kommunedelplanen, kjem det fram at Lions Club Stryn ønskjer å bidra både med pengar og praktisk for utbetring av parken aust for Betania i Stryn sentrum.

- Betaniaparken er det finaste grøne området vi har i Stryn sentrum, med ei ypparleg plassering nær Stryn Omsorgssenter, nær sentrum og likevel i eit roleg område, skriv Svanhild Valvik i brevet frå klubben.

Dei meiner området er ein naturleg plass å besøkje for bebuarane ved omsorgssenteret, og ønskjer ei betre tilrettelegging for rullestolbrukarar.

- Midt i parken, langs vegen, vert det laga til ein større sirkel der det er plass til benkar, rullestolar og beplantning, er mellom forslaga som blir foreslått i brevet frå Lions Club Stryn.