Sjølv om Stryn er kommunen med prosentvis nest mest arbeidsledige i fylket, med sine 2,5 prosent, held nedgongen i arbeidsløysa fram. Nye tal frå NAV Sogn og Fjordane fortel at samanlikna med november i fjor går 20 færre personar arbeidsledige. Dette er ein nedgong på 18 prosent. I Hornindal er 0,6 prosent av arbeidsstyrken arbeidsledig, noko som tilsvarar tala frå november i fjor.

Totalt 923 personar i Sogn og Fjordane står heilt utan arbeid ved utgangenav november, tilsvarande 1,6 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 92færre enn på same tid i fjor, ein reduksjon på ni prosent. Vågsøy har flest ledige med sine 2,9 prosent.

- Dette er noko betre enn vi hadde våga å håpe på, ogsåleis ei gledeleg utvikling i eit bilde der nabofylka har ei heiltanna utvikling, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV i fylket. På landsnivå er arbeidsløysa på 2,6prosent, ein auke på fire prosent. Sogn og Fjordane har framleisklart lågast arbeidsløyse i landet.