Som einaste lokale løpar er skiskyttaren Odd Sindre Tonning på plass på Gålå for å delta i langrenn i helga.  I dag er det sprint som står på programmet, og med seg inn dei løpa fekk oldaren gode tips frå sjølvaste Øystein "Pølsa" Pettersen. Han var i aksjon saman med dei andre seniorane fredag, der det vart fjerdeplass på løparen som mellom anna kan skilte med OL- gull frå lagsprinten i Vancouver.

- Kva tips gav "Pølsa"?

- Ikkje noko rom for kvile i løypa. Gjer rykk der ingen ventar det, som rett over bakketoppane og ikkje i sjølve motbakkane. Spar det du kan av krefter i motbakkene, og gi alt i dei lette partia - og elles ønska han masse lukke til, fortel mor Kari Tonning.

Odd Sindre er sjølv usikker på kva forventningar han skal ha til løpet.

- Eg anar ikkje korleis konkurransen er. Deltek i klassen 17-20 år, så det blir nok tøft, seier Tonning. Men han gler seg til rennet og formen er god, sjølv om det ikkje har blitt all verdas snøtrening så langt i år.