SigridMoldestad er saman med far og dotter, Arle og Thea Hjelmeland, med og kjempar om å vinne Luttprisen - årets artist frå Sogn ogFjordane.Det vart klart etter jurymøtet i Luttprisen tysdag derdei tre vart plukka ut på bakgrunn av røyster frå publikum ogvurdering frå fagjuryen.

Jakta på årets vinnarstarta med at publikum sjølve fekk kome med forslag til kandidatar. Ut frå desse vart ti nominert,og NRK opna for publikumsrøyster. I tilegg til deitre finalistane var også Lena Skjerdal, Tone Damli, ErlendApneseth, Karl Seglem, Laila Beathe Førde, Odd-Erik Lothe og VidarRuud nominert til prisen.

Sigrid Moldestad kan vinne sin tredje Luttpris.

-Så utruleg takksam ogglad eg blir. Var redd folk var litt lei av meg no,seier Sigrid Moldestad.

Dei to andre finalistane er også svært glade for nominasjonen.

-Veldig hyggeleg å bli nominerteno når vi er plateaktuelle samtundes, seier far og dotter Hjelmeland. Prisen blir delt ut i samband med Julelutt-konserten 13.desember.

I juryen sat KristinSandal frå Norsk Countrytreff, Arnt IvarNaustdal frå Malakoff Rockfestival, Jan Inge Fardal frå Sogn Avis,Stein Aase frå NRK, Øyvind Lyslo frå Fylkeskommunen og Tom ØyvindSolheim frå Sparebanken Vest.

Thea Hjelmeland. Foto: ANDREW AMORIM
Good Time Charlie