Mia Sæbø, sentral spelar på Stryn sitt damelag i fotball, flyttar etter nyttår til Ålesund for å spele for byen sitt 1.divisjonslag, Fortuna.

- Det er eit godt lag eg går til, med god kvalitet på alle spelerane, så eg reknar med det blir hard konkurranse om plassane, seier Sæbø, og legg til,

- Men eg skal i alle fall gjere mitt ytterste for å få mest muleg speletid der.

Overgangen vart klar førre veke. Flyttinga gjer at det blir skuleskifte på 17- åringen.

- Eg er berre halvvegs i første året på vidaregåande, så eg byrjar på idrettslinja på latinskulen i byen.

God kjennskap til klubben

Fotballtalentet har over lenger tid hatt god kontakt med klubben. Seinast i sommar var ho med jentelaget på DanaCup.

- Eg har hospitert der over ein lengre periode og har vore kjent med klubben i omlag 2 år. Eg har alltid vore veldig interressert i å spele for klubben. Eg følte eg leverte godt på Dana Cup, så det er klart det kan ha hatt ein positiv innverknad, seier ho.

Allereie 23. januar kan det vere aktuelt med spel. Då startar vinterserien.