Regjeringa fatta i dag vedtak om nytt forslag til el-sertifikatordninga. Ei endring som gjer at også vannkraftverk inntil 10 MW med byggestart etter 1. januar 2004 vil få el-sertifikat.

- El-sertifikat er ei subsidieordning for å stimulere til aukainvestering i ny fornybar energi (straumproduksjon frå vind, vatn, sol, osv.). Den som investerer i slik fornybarenergi kan søkje NVEom å få tildelt sertifikat. Produsenten sel i sin tur sertifikat til selskap som driv medkraftomsetnad til sluttkunde, til dømes Stryn Energi. Vi er pålagde å kjøpeei viss mengde sertifikat frå dei som sel, forklarar Jan Træen ved Stryn Energi.

- Kostnadane med kjøp avsertifikat vert krevd inn att frå sluttkunde, som eit påslag påkraftprisen. Det er såleis forbrukaren som finansierer sertifikatasom produsenten sel til kraftomsettar, forklarar han vidare.

Han nemner Steindøla kraftverk på Blakset, Hjelledøla kraftverk og Trollelva iUtviksom eksempel på lokale småkraftverk som vil nyte godt av vedtaket som no er ute på høyring.

Ros til Bjørn Lødemel

- Dette erverkeleg ein gledens dag, seier styreleiar Bjørn Lauritzen iSmåkraftforeninga.

- Bjørn Lødemel i Høgre og Oskar Grimstad i Frpskal ha ei stor del av æra for dette, legg han til. Lauritzenviser til at det er eit stort lag med mange bidragsytarar innanSmåkraftforeninga som har jobba iherdig med denne saka sidan 7.september 2009, då det blei klart at småkraftverk bygd etter nyttår2004 ville ble utstengt fra el-sertifikatordninga.