Både Breimsbygda og Hornindal skisenter opna i går, og mange fekk sin første tur med ski på føtene for sesongen.

- Det var mykje folk og flotte forhold på Utviken laurdag. Det har vore ei bra helg å sparke i gang sesongen på, og mange glade folk for at vi starta tidleg i år, fortel Vegard Sårheim ved Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet. I dag er det litt meir vind, men det er bra med folk i dag og. Skisenteret har opna det mellomstore trekket. Meir nedbør neste dagane kan føre til opptil ein halv meter snø på Utvikfjellet. Så det ser lovande ut med tanke på å ha ope heile romjula, legg han til.

- Vi har hatt ei fin opningshelg med gode snøforhold og godt besøk frå både indre Nordfjord og Sunnmøre. Vi har hatt tørr og fin snø i traseane, og har hatt tre trasear på ca 800 meter opne denne helga, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard ved Hornindal skisenter. No håpar han og resten av staben på meir snø i høgda slik at skisenteret kan opne heilt opp. Då blir det 1500 meter trekk og to nedfartar på 1650 meter. Vermeldingane framover er lovande, så dei håpar den gode starten er signal om ein god vinter for alle skisenter i regionen.

Viss spådomane om meir snø slår til, blir det truleg opning på Stryn Vinterski komande helg.

- Vi er i full gang med pakking av snøfallet i natt. No nærmar det seg opning med stormskritt. Vi treng framleis litt meir snø i nedre del. Men det kjem, og vi satsar vi på opning laurdag 20. desember, fortel Stryn Vinterski på nettsida si.

Gode snøforhold og godt besøk av både innfjordingar og sunnmøringar ved Hornindal skisenter. Foto: Hornindal skisenter